pin

dans logo dans



Heim
Om
Terminliste
Kurs
Galleri
Linkar
Internt
BLS

fb-logo


Hordaringen i Oslo

Om Hordaringen

Vi er eit danselag som dansar det meste som går under fellesnavnet norsk folkedans (gammaldans, tur- og rekkjedans, bygdedans og songdans). Hordaringen er eit særlag til Hordalaget og Hardinglaget, to av dei omkring 20 laga i Bygdelagssamskipnaden, som eig bygarden Nordahl Bruns gate 22 i Oslo.

Vi har øvingar kvar torsdag i Nordahl Bruns gate 22. Øvingstidene framkjem av terminlista. Instruktørar i Hordaringen er Alix Cordray (hovedinstruktør) samt Gert-Fredrik Malt (songdans). Spelemann er Sigurd Gjerde.

Vi arrangerer kurs for nybyrjarar og vidarekomne.

Vi held ein høg sosial profil, og legg lista i samsvar med nivået til dei som dansar til ei kvar tid.

Kanskje ser vi deg snart, med eller utan erfaring, men med lyst til å kjenne dansegleda.

Vel møtt!

Hordaringen i Oslo
Nordahl Bruns gate 22, 0165 Oslo
hordaringen@yahoo.no

Bank: 9235.14.54808
Org nr: 984 039 298
Tlf: 480 62 560 (Jan Hilding Eriksen)